Småsporven gjeng i tunet og tippar korn og vippar strå og hev så fin ein une og ler åt katten grå. Pip, pip, det så seg lagar alle dagar at Monsemann meg jagar, men kan meg aldri få. Eg er så lett på vengen, og Mons må sleikje seg om trut; kvitt, kvitt, den gamle drengen, han fekk så mang ei sut. Og om i vide ringar hauken svingar, Eg bort meg kverv og kringar og slepp av leiken ut.
Eg lever dagar lette og er fornøgd, å ja, å ja! Kvar dag eg fær min mette, som eg det best vil ha. Pytt, pytt, kven spør om føda? Nok i løa! Der ligg den rike grøda, der kan eg berre ta.
Og tidt eg fær i Joli ein godbit fin av Veslemøy, og frys det, hev eg sjol i det gode varme høy. Og så, kvitt, kvitt, god måren. Så kjem våren, då fri på vengen boren eg byggjer reir på øy.
|